Utandørs massasjebad

Ei herleg oppleving

Hos oss kan du nyte ei herleg stund i eit utandørs massasjebad saman med vener eller familie. 
Vi fyller massasjebadet med vatn frå breen, og vatnet held ca 38-39 grader. Massasjebadet ligg idyllisk til ved elva. Med fossedur og omkransa av bratte fjell får du ei mektig oppleving. Massasjebadet har plass til 6-7 vaksne personar, litt fleire om ein sit tettare.

Kombiner gjerne massasjebadet med eit grillmåltid i grillhytta og andre aktivitetar her hjå oss.


Pris pr. time:
Overnattande gjestar kr. 390,- pr. time, for inntil 4 personar.
Ikkje overnattande gjestar kr. 590,- pr. time for inntil 4 personar.
Massasjebadet er varmt heile året, men kan vere stengt i korte periodar ved reinhald.

Vi har badebleie for sal i resepsjonen.