Fiske

Jølstravatnet er kjent som eit av Europas beste aure- fiskevatn! Rekorden på stang har Sverre Amundsen frå då han tok ein storaure på 12,1 kg på sluk våren 1996.

Vi har utleige av båt med / utan påhengsmotor, og anbefalar gjerne gode fiskeplassar. Rednings -/flytevest følgjer med båten.

Medlemmer av NJFF som har eigen nøkkel i ordninga "Ein nøkkel - hundre båtar",  kan i tillegg bruke ein båt som Jølster Jeger -og Fiskeforening har liggande ved naustet til Lunde Turiststasjon i Kjøsnesfjorden. Denne båten må bestillast på NJFF si heimeside på internett.

Lunde Turiststasjon sel òg fiskekort for Jølster Jakt - og Fiskelag.
Prisen på fiskekort i Jølster er kr. 120,- for eit dagskort , kr. 600 for vekeskort og kr. 1.000 for sesongkort.

Dette er eit felles fiskekort som gjeld for stangfiske, oterfiske og alle andre typar sportsfiske. (ikkje garnfiske) i heile Jølster.


Prisar
Leige av båt: kr 200,- pr. dag
Leige av motor: kr 200,-  pr. dag