Rodeo-okse

Lunde Turiststasjon er den einaste verksemda i Sogn og Fjordane som drive utleige av Rodeo - okse. I grindverkslåven vår kan du få skikkeleg westernstemning når du prøver rodeo- oksen vår.

Dette er ein mekanisk okse der målet er å halde seg fast så lenge som mogleg. Vi kan ha konkurranse på kven som klarer å halde ut lengst. Rodeo- oksen kan køyrast i auto- program slik at alle som prøver kan få den same vanskegraden. Det er 3 auto-nivå, i tillegg til at oksen òg kan styrast manuelt ved hjelp av en joystick. På denne måten kan ein tilpasse aktiviteten til kvar enkelt. Oksen beveger seg i alle retninger, den snurrer rundt, vipper til siden og fremover / bakover. Styrekonsollen har skjerm som viser tida, slik at publikum heile tida kan følgje med og heie. Vår operatør tek vare på sikkerheita og passar på at du alltid kjenner deg trygg.

Rodeo – oksen vert godkjent årleg i samsvar med Tivolilova.

Rodeo er eigna for både barn og vaksne, men vert ikkje tilrådd for personar som er gravide, har rygg- og nakkeplagar el. hjerteproblem.


Rodeo må bestillast på førehand. 
Pris for grupper frå 5- 15 personar er kr. 350,- pr. person for 1 time
Større grupper får rabatt.
Grupper mindre enn 5 personar - pris på førespurnad.
Ein kan maksimalt kombinere 2 ulike aktivitetar på ein time.

Rodeo - oksen er flyttbar, så vi kan ta med oksen til deg om du ynskjer det. Ta gjerne kontakt for pristilbod på dette.