Lerdueskyting med laser

Lasersport; utandørs lerdueskyting med laser. Vi er ein av 2 verksemder som tilbyr denne aktiviteten i Norge. 
Dette er ei populær skyting med rifle (laser) mot plast- lerduer.
Her kan 5 personar skyte samtundes mot same due. Treffa/ poeng- scoren kjem opp på eit godt synleg display og dette gir ein spennande konkurranse og god underhaldning.
I Lasersport kan ein velje mellom fleire program som gir ulike poeng- score.
Vi har fleire lerduekastarar som kan gi passande utfordringar for deg.


Aktivitetar må bestillast på førehand. 
Pris for gruppe frå 5- 15 personar er kr. 350,- pr. person for 1 time. 
Større grupper får rabatt.
Grupper mindre enn 5 personar - pris på førespurnad.
Ein kan max kombinere 2 ulike aktivitetar på ein time.

Lasersport er flyttbar, så vi kan gjerne komme til deg med aktiviteten dersom det passar best. Ta gjerne kontakt for pristilbod på dette.