Velkommen til Lunde Turiststasjon - Jølster

Lunde Turiststasjon ligg i Jølster - midt i Sogn og Fjordane - mellom mektige fjell og under ein arm av Jostedalsbreen, Lundebreen. Å overnatte hjå oss på Lunde vil vere eit godt utgangspunkt for aurefiske i Jølstravatnet, turar i nærområdet og å besøke dei ulike musea og galleria i Jølster; Astruptunet, Eikåsgalleriet, Jølstramuseet. Du kan i tillegg nå store delar av Sogn og Fjordane på ein dagstur, til dømes Flåm, Nigardsbreen, Briksdalsbreen, samt Geiranger i Møre og Romsdal.

Aktivitetar i nærområdet