Brevandring

I juli og august har Bre og Fjell guida breturar på Haugabreen 4 dagar i veka (tysdag, onsdag, fredag og lørdag). Det tek ca. 30 minutt å køyre frå Lunde til Haugadalen, der turen startar.
Sjå nærmare informasjon på breogfjell.no

Eit anna alternativ er guida breturar på Nigardsbreen. Det tek ca. 1 time og 45 minutt å køyre frå Lunde til Nigardsbreen. Der har dei breturar med ulik lemgde, sjå nærmare på deira tilbod på Jostedalen Breførarlag.

Norsk Bremuseum i Fjærland gir kvart år ut eit brekart med oversikt over alle aktuelle guida breturar.  Her kan du finne den turen som passar best for deg. Dette brekartet ligg òg på deira nettside.