Skiturar

Du kan gå mange flotte skiturar i Jølster. Jostedalsbreen og Grovabreen gir deg store muligheter. Vi kjem gjerne med tips til fine turar.

Jølster kan tilby deg fleire alternativ dersom du ynskjer å stå på ski. På Vassenden finn du alpinanlegget Jølster Skisenter. I Årdal og Dvergsdalsdalen er det både tur- og lysløype. I Gjesdalen på Vassenden har Jølster Løypelag flotte preparerte løyper. Dei flotte fjella rundt Jølstravatnet kan òg utforskast på eiga hand. 
Dersom du ynskjer ein guida topptur er Skifantomet eller Bre og Fjell kanskje noko for deg!

Lunde Turiststasjon har ope heile året !


Vi tilrår: