Laser - elgbane

Dette er ein lasersimulator som ein kan bruke både innandørs og utandørs. Du kan skyte på løpande elg, eller på stilleståande mål. Både rørslene dine, og resultatet av sotet ditt, vises umiddelbart på skjerm. I tillegg til rifleskyting, finnes det også tilleggsutstyr for pistolskyting og for skiskyting. Når avstanden i frå elgbana til børsa bør er 10 meter tilsvarer simulatoren ei ordinær elgbane, både i fart og i vanskegrad. Elgbana eignar seg veldig godt til opplæring av nybegynnerar i samband med jegerprøven etc. Men ho er òg veldig fin for dei som har skote i lengre tid, og som ynskjer å trene, vedlikehalde, eller å forbetre sine skyteferdigheiter. 


Laser- elgbane  må bestillast på førehand. 
Pris for gruppe frå 5- 15 personar er kr. 350,- pr. person for 1 time
Større grupper får rabatt.
Grupper mindre enn 5 personar - pris på førespurnad.
Ein kan maksimalt kombinere 2 ulike aktivitetar på ein time.