Skytesimulator

SIM TARGET er ein avansert skytesimulator som er utvikla for å gi størst mogleg realistisk skytetrening og samtidig vere så enkel og fleksibel som mogleg å bruke.
SIM TARGET eignar seg godt for opplæring av jegerar og skyttarar, men er like mykje ein spennande aktivitet der du kan vere saman med familie og vener for å ha det morosamt.

Ved hjelp av SIM TARGET skytesimulator kan ein forlenge sesongen og tileigne seg verdifull skytetrening i tillegg til å ha det sosialt. Simulatortrening gir eit unikt høve til mengdetrening og til analysere skotet. Vi har program som viser sporing både før og etter avfyrt skot.

SIM TARGET er ein trådlaus simulator. Det vil seie at ein ikkje treng nokon forstyrrande kabel mellom våpen og datamaskin. Våpena som vert brukte er lisensfrie og ufarlege.
Delane kan flyttast mellom våpen på få sekund og det er difor enkelt å bruke eigne våpen under skytinga òg. Det er ikkje behov for inngrep på våpenet eller siktet.
Hjå oss kan ein skyte mot eit prosjektorbilete på 2,3 x 4 m.

Vi har fleire ulike program der du kan skyte på ryper i Jølstrafjella, småviltjakt, villsvinjakt i tillegg til ulike blinkar.


Skytesimulator må bestillast på førehand. 
Pris for gruppe frå 5- 15 personar er kr. 350,- pr. person for 1 time
Større grupper får rabatt.
Grupper mindre enn 5 personar - pris på førespurnad.
Ein kan maksimalt kombinere 2 ulike aktivitetar på ein time.