Leilegheiter 5 personar
Leilegheita har 5 sengeplassar i tillegg til bad og opphaldsrom med kjøkkenkrok og TV m/NRK- kanalar. Leilegheita har to soverom, eitt soverom med familiekøyeseng (underkøye 150cm og overkøye 75cm) og eitt soverom med ei dobbeltseng. Det er flislagt bad med dusj og wc. Kjøkkenkroken har 2 kokeplater, mikorbølgeovn, kjøleskap, kaffitrakter og vannkokar, i tillegg til ein del vanlege kjøkkenutstyr. Det er flott utsikt utover Kjøsnesfjorden / Jølstravatnet. Leilegheita har gratis trådlaust internett. Prisen er inkludert sluttreingjering. Leilegheita vart sist renovert i 2014. I denne leilegheita er det ikkje tillatt å ha med kjæledyr.
Booking
Leilegheit 3 personar
Leilegheita har 3 sengeplassar i tillegg til bad og opphaldsrom med kjøkkenkrok og TV m/NRK- kanalar. Leilegheita har eitt soverom med ei enkelseng og ei dobbeltseng. Kjøkkenkroken har 2 kokeplater, mikrobølgeovn, kaffetrakter og vannkokar, i tillegg til ein del vanlege kjøkkenutstyr. Det er flislagt bad med dusj og wc. Utsikta frå leilegheita er mot gardsplassen og fjella. Leilegheita har gratis trådlaust internett. Prisen er inkludert sluttreingjering. Leilegheita vart sist renovert i 2015. I denne leilegheita er det ikkje tillatt med kjæledyr.
Aktivitetar
Overnattar du på Lunde Turiststasjon har du eit flott utgangspunkt for å nå mange attraksjonar.
Du har også mange aktivitetar du kan gjere både på området og i nærleiken av oss: